laurdag 10. mai 2008

Vestborg sitt første misjonsløp!!!

På onsdag 7. mai hadde vi i russen arrangert misjonsløp for første gong på Vestborg. Heile skulen var med og vi er svært takknemlege og imponerte over elevane sin innsats, både i russeklassa og dei andre klassene. Kor mykje vi fikk inn er fortsatt uvisst, men eg kan røpe at eg fikk inn 4300 kr og eg vil takke alle i slekta som var med å støtta oss:D Ellers så var det nok ikkje så mange som fekk inn så mykje som meg, men eg kan sei at til sammen så får vi nok inn ein del. Eg veit om ei til som fekk inn rundt 3500 kr (Cathrine) og ei anna som fekk inn over 6000 kr (Elisabeth), begge i klassa mi, så resultatet er nok bra ja.

fredag 2. mai 2008

Hei igjen, på tide me oppdatering

Nå er det voldsomt lenge sidan sist, og det har skjedd ein god del også. Eg orkar ikkje skrive om alt no, men eg kan ta eit lite samandrag.
Det viktigaste er vel Russeturnè, Trondheim/ Tromsø-tur, grilling og diverse på hesteberget, tur til Måløy og tilbake på ei natt, framføring av "den spanske flue", som då var særemne vårt, og ikkje minst starten på russetida og krussetreff i Kragerø. Utenom ditte har det stort sett gått i skule

Russeturnè:
Turnèen var 2 veka i januar. Eg reiste i lag med Thomas, Ole-Peter, Brenda og talaren Stein Raunehaug frå Bergen.Første møtet var fellesmøtet på Stranda deretter for vår gruppe først til Ikornnes, så Ellingsøya, Engesetdalen, Isfjorden, Måndalen, Vestnes, der vi var ilag med ei anna gruppe og så felles avslutningsmøte i misjonssalen i Ålesund, Spjelkavika. Det var ein konge tur, monge kjekke folk som vi fikk bu med, masse god mat, bra møter og talar av Stein, og vi var eine dagen og bada og bowla på Moa.


Trondheim/ Tromsø-tur:
Dette skjedde 11. - 15. april, og dei som var med var Elisabeth, Arne og Eg. Vi kjørte Caravella opp til Trondheim fredagen etter skulen og kom fram ca 23, overnatta der ei natt og tok deretter fly til Tromsø laurdag kl 11. 13.10 kom vi fram til Tromsø flyplass og vart der mottatt av Henriette Rogstad og Andreas Rygg som kjørte Paul sin gamle golf. Vi åt mat med Henriette før vi reiste bort til Fjellheim der vi skulle bu og der Andreas, Ragnhild og Ellisiv går på skule. Dei hadde akkurat vore i Lakselv (Ellisiv hadde vore på leir) og kom litt etter kvart.
I løpet av helga fekk vi sett oss rundt i Tromsø by, vore på kino (Varg Veum nr 4), vore med på 2 møte på Fjellheim, laga pizza, Henriette, Ellisiv, Ragnhild, Viktor (kjæresten til Ragnhild), Arne, Elisabeth, Paul, Andreas og eg. Og på mandagen fekk vi vere med på ein bibelskuledag på Fjellheim, noke som var veldig interessant. tirsdags morgon reiste vi med fly ned igjen til Trondheim, der vi stoppa ei lita stund med Elin og åt lunsj, ilag med Oddvar, og kjørte ned igjen til Vestborg, dinne gongen i Daihatsu.


Grilling og diverse på Hesteberget:
Ikkje så mykje meir å skrive om det utanom at vi haqdde det utrulig koselig, eine gongen var vi halve klassa vår, pluss noken frå vg1 og vg2. Knall bra kveld.

Tur til Måløy:
Vi fann ut rundt 22 ein kveld eg og Ruthi var ute og kjørte at i natt gjer vi noke gøy. So vi samla 5 til, Elisabeth, Arne, Henrik, Leo og Sindre og så kjørte vi til Måløy, kjøpte pølse og koste oss der ei stund og kjørte tilbake. og rakk akkurat tilbake til skulen begynte.:D

Framføring av "den spanske flue":
Det er vel ikkje så mykje å skrive om det heller utenom at det ikkje gjekk så bra den første kvelden vi skulle framføre, då det berre var Mona, PK og Gard som såg på. Det var den kvelden vi skulle få karakterar på særemne vårt. Til tross for at vi syntest det gikk skikkelig dårleg var det ein firar, tre seksarar og resten femmarar. Eg fikk fem og er strålande fornøgd med det. I den andre framsyninga vår gjekk det mykje betre, sjølv om ikkje alle huska alt dei skulle sei, greidde alle saman å halde maska og fortsette likevel, publikum flirte og vi storkoste oss. Det var ein super kveld i forhold til vår første framsyning.

Og så var det russetid og Kragerø. For dei som for til Kragerø begynte russetida fredag 25. april. Vi kjørte tre bilar frå Vestborg til Kragerø, Lars, Signe-Brit og Hjelme sine bilar. Vi kjørte torsdag 24. etter tentamenen var ferdig, og kjørte nedover til Austlandet, og overnatta der. Alle dei tre bilane overnatta på forskjellige plassa, eg og Elisabeth satt på med Signe-Brit og overnatta med lillebroren hinna i Vestfosen, 1,5-2 timar frå Porsgrunn. Der var der to søte små unga, ein på 8 mnd og ei på 2 år, kjempe søte. Og så kjørte vi resten av veien den 25., men det var berre 3 tima ca. Sidan Signe-Brit berre skulle til Porsgrunn satt eg og Elisabeth på med Lars frå Porsgrunn til Kragerø. Same oppigjen, berre at vi då kjørte heile vegen på ein dag.

I kragerø overnatta vi nesten alle russane i ein hall. Ellers var det konsert med Humming People og Dream Pilots, møte, seminarar, eg var på danse seminaren med team Hellida, og TV-Experience spelte i kirka og på møta. Det var ein kjempe bra festival og eg anbefalar neste års russ og kruss til å reise dit. Bra konsertar, toppers møte, og ei fin messe, var berre litt av det vi fekk vere med på. Vi fikk også møte mange andre kruss, og eg fikk møte mange andre som skal til Ansgar bibelskole til hausten, noke som var kjempe koselig.

Natt til 1. mai var mange av oss på Gospel-night på Blindheim bedehus, med lovsong og appell av ei eller anna Marita, veldig bra møte. Før møte laga Rebekka, Elisabeth, Hjelme, Solveig og eg bibelbollar (Bollar med bibelvers inni). Etter møte var det råning i byen og eit lite besøk til Nancy før vi reiste tilbake til Hjelme og sov. 1. mai vaqr vi på sjukehuset på barneavdelinga og delte ut bibelbollane og russekort til ungane der. og så var det tilbake til Vestborg.

Russetida er som alle veit ei tid for russeknuta, eg har komt godt i gang allereie og tatt 22 knuta, monge av dei er såkalla "spyknuta", bl.a. drikke 1,5 liter solo på under 7 min, 10 glas melk på 15 min, springe 50 gongar rundt ei flaggstong og deretter styrte ein liter kefir, og ete ei boks kattemat. Ellers har eg gjort ting som å stå over to grøne lys i byen, springe på esso kun iført handduk, vått hår og spør etter shampoo og springe kun iført undertøy 20 gongar att og fram i gangen på eit guteinternat, pluss mange fleire knutar. I tillegg har vi hatt russedåp og grisefest, uten grisedåp og tatt bilder til russeavisa. Mitt namn er Geiterams.



På laurdag skal mange av oss også til Ålesund, eller Emblem bedehus på konsert med Humming People, det trur eg blir veldig bra.

Då kjeme eg ikkje på meir å skrive om, men nå har dokke iallefall fått høyre litt av det som har skjedd siste månadane.

onsdag 2. januar 2008

God jul og godt nyttår!

Då vil eg utnytte anledninga til å ønske alle god jul og godt nyttår..

Julafta og 1. juledag tilbragte eg ilag med familien her heime på Bakkane. 2.-5. juledag var eg i Hyen med søskenbarn og tanter og onklar, med ein tur innom Kandalen 4. juledag på juleselskap med Standal-slekta.

Nyttårsafta var eg i Ålesund, eller rettare sagt på Åse, der Hanne Hjelme bur. Der var vi 11 stk, Hanne + Christian, Solveig + Andreas, P.K., Lars Petter, Haakon Arne, Rebekka, Elisabeth, Eyvind og meg sjølv. Det var ei veldig bra nyttårsfeiring, der vi gjekk opp på ein ås og såg på fyrverkeriet, der hadde vi utsikt over Sula, Spjelkavik og Moa, og utover øyene som Ellingsøy og andre. Veit egentlig ikkje heilt sikkert kor det var vi såg hen, men det var no sånn ca iallefall. Etterpå såg vi film og PK, Eyvind, Haakon og eg døgna, og gjekk tur mellom halv 5 og 6 ein gong. Vaqr veldig koslelig.

søndag 9. desember 2007

Jul i leiligheita..

No når vi er midt i advent er det naturlig å ha pynta til jul på rommet, det har iallefall eg og Elisabeth gjort. Spesielt vindauga er sterkt prega av jul. Julekalenderen har komt opp på døra og adventslyset brenne.


Eg glad og fornøgd over kalendergava mi 8. desember med julekaenderen i bakgrunnen. Eit Harry Potter skjerf, med gryffindor logo på:D



Leiligheita pynta til jul.


Vi har komt godt i gang med kalenderlyset ja.

laurdag 17. november 2007

Innsamlingsaksjonen

Og så vil eg berre takke hjertelig til alle dei som har bidratt til bøsseberingsaksjoen vår på onsdag, både som bøsseberarar, sjåførar, givarar og forbederar. Vi hadde ikkje greidd det utan dokke!
Vi fikk inn 27 163 kr, som går direkte til Indonesia.
(Vil dokke lese meir om kva pengane går om, les reisebloggane mine lenger nede på sida.)

Helsing takknemlige prosjektansvarlige, Lars-Petter Ødegård, Ruth Iren Tronstad og meg sjølv!

Lettelse...

I går var endelig dagen eg har venta på lenge.. Eg spaserte inn på biltilsynet temmelig nærvøs, og med ein visshet om at eg kom til å gå ut igjen skuffa. Eg tok meg ein kølapp og venta på at mitt tal skulle komme opp på skjermen over eine skranken. Eg gikk bort og fikk ordna med visse formaliteter som å sjekke id og å ta bilde, noke som ikkje vart altfor vellykka, for så å bli ført inn i eit rom med fleire datamaskiner eg kunne velge mellom. Eg satte meg ned med ein av dei og starta fort på den skumle testen. Då eg hadde sett igjennom tre gongar og fant ut at det ikkje var fleire ting eg kunne eller ville forandre på trykkte eg "avslutt" og venta spent på resultatet. Då der stod, mot all forventing, "Gratulerer, du har bestått", trudde eg nesten ikkje mine eigne auge og måtte lese gjennom fleire gonga før eg faktisk trudde det som stod der. Deretter gjekk eg ut i resepsjonen igjen og fikk utskrift av resultatet, greidde eg ikkje lenger å skjule smilet. Eg hadde berre 2 av 7 mulige feil. For ein fantastisk dag! :D No sleppe eg å lese noke meir i den teoriboka igjen, noke som er stor lettelse.

tysdag 13. november 2007

Heime igjen...

Då var eg tilbake på Vestborg, å så tenkte eg at eg kunne legge ut noken bilde og fortelle frå heim turen.

Først på dagen i går, før vi reiste, var det morgensamling, eller misjonærsamling på kontoret, deretter hadde vi litt tid på å pakke ferdig og dusje før Silje Stavland kjørte oss til flyplassen.
Flyet gikk 15.25 frå Medan, og vi møtte opp tidlig, ca 2,5 time før, og sjekka inn bagasjen, og sidan alle tek ting så avslappa i Indonesia, så gikk det vel så lenge før vi fikk komme oss gjennom passkontrollen og satte oss ned å venta på å få gå ombord.
Så var det rett til Kuala Lumpur, Malaysia, der vi måtte vente i 6 tima. Det vart ganske langdrygt, men vi kvalte tida med litt lesing, mat på Burger King og ein kaffi på Starbucks, og så det å måtte finne fram og få tak i biletta tok no si tid. Deretter var det ein 13 timers flytur til Amsterdam, i ein jumbo-jet med to etasja :D Igjen på den longe turen var det berre eg som fikk sove, stakkars Rikke satt der og fikk ikkje blund på augene.
I Amsterdam venta vi i nesten 4 tima, og tok derfrå forskjellige fly, eg til Oslo og ho til Trondheim.
Så var det Gardermoen, der eg måtte hente bagasjen for så å sjekke den inn igjen til flyet til Vigra. Og eg stod der heilt åleine og tenkte, vær så snill, la bagasjen vere der, og den kom aldri, bag etter bag kom ut, men aldri min, men så heilt til slutt kom den endelig då, så det var ein stor lettelse då :P Og så var det å vente 3 tima der før flyet gikk vidare til Vigra.
På Vigra var det å ta imot kofferten og så rett på flybussen, og når eg kom til Moa fann eg ut at eg slapp å vente så lenge som frykta, bussen gikk vidare berre 15 minutt etter.
Og så var dete på den bussen og ingen dramatikk før vi kjørte ut av Sykkylven sentrum og bussen plutselig snudde og kjørte andre veien og mot Hundeidvik. Eg og Asbjørn, som eg møtte på Moa, trudde at vi egentlig skulle ha bytta buss i Sykkylven og at vi i staden havna i Hundeidvika og måtte få noken til å hente oss der, men heldigvis så snudde bussen på ekornes og tok veien mot Stranda igjen.
Det var heldigvis all dramatikken på heile turen, og turen vart veldig lang og kjedelig, og varte i heile 26 tima frå vi reiste frå huset til Maren til eg kom tilbake til Vestborg.




Lunsj hos familien Helland, med deilig lasagne.


Gudsteneste i kirka med 1500 menneske i.


Ein matrett vi fikk beståande av bitte små fisk og nøtter, det som ser ut som sprøstekt løk er egentlig fisk.


Ein tømmerbil hadde velta slik at vi måtte vente i litt over 30 min før vi fikk sleppe forbi.


Smakte på svin kokt i blod, på ein liten lokal restaurant, der vi åt med fingrane.


Rismarker som blir ødelagde og noken som blir ombygd til byggefelt for gruvearbeidarane.



Møte i ein av landsbyane som er ramma av gullgruva


Kirke i den eine landsbyen, der vi hadde det eine møte.


Nokre unga som følgt oss i den andre landsbyen som er prega av gruvedrifta.


Jungeltur med Rikke, Silje Herje og David.


Inni mellom greinene skal der vere ein ape.


David på tur i jungelen med paraplyblad :D


Silje og Nowall, sønnen til noken venna av Silje. Sjå kor søt han er!


Påleøya, Jaring Halus.


Geit på Jaring Halus, som går i dei søppelfylte gatene å leita etter mat


Noken av barna på Jaring Halus står utanfor barnehagen fordi dei ikkje har råd til å gå i barnehagen.


Ungane i barnehagen følger nøye med når Silje Herje fortel dei om korleis dei skal pusse tennene. Sidan religionen her er Islam, må ungane og lærarane gå med sjal og dekke seg til.


Kjem masse fleire bilde etter kvart.